Organisering av skolen

Leiinga ved skolen er rektor, assisterande rektor og avdelingsleiarar. Leiarane har ulike oppgåver, men alle er tilgjengelege om det er elevar som treng råd/hjelp i ulike situasjonar.

RektorJørgen Ljosåjorgen.ljosa@mrfylke.no  Tlf 71281203
Ass. rektorJulianne BreivikJulianne.Breivik@mrfylke.no Tlf 71281210
KvalitetssystemansvarlegLidvard Lundaneslidvard.lundanes@mrfylke.noTlf 71281216
Avdelingsleiar for merkantilIngeborg Buschingeborg.busch@mrfylke.noTlf 71281207
Avdelingsleiar for bygg- og anleggsteknikkSvein Ola Lillestølsvein.ola.lillestol@mrfylke.no Tlf 71281210
Avdelingsleiar for design og handverkSissel Pilskog Brennholmsissel.pilskog.brennholm@mrfylke.noTlf 71281212
Avdelingsleiar for elektrofagKjell Henriksenkjell.henriksen@mrfylke.noTlf 71281211
Avdelingsleiar for helse- og oppvekstfagTorhild Hagfonn Devoldtorhild.hagfonn.devold@mrfylke.noTlf 71281206
Avdelingsleiar for restaurant og matfagSissel Pilskog Brennholmsissel.pilskog.brennholm@mrfylke.noTlf 71281212
Avdelingsleiar for teknikk og industriell produksjonRune Frøystadrune.froystad@mrfylke.noTlf 71281205
Avdelingsleiar drift 2 og Påbygging VG3 og VG4Gunn Slemmengunn.slemmen@mrfylke.noTlf 71281213
Avdelingsleiar for yrkes opplæring (YO) og ElevtenesteGeir Sandalgeir.sandal@mrfylke.noTlf 71281209
Avdelingsleiar for særskilt tilrettelagt opplæring (ATO)Trine Krohn-Dale trine.krohn-dale@mrfylke.noTlf 71281204
Avdelingsleiar for BORK  Karriere og kompetanse VoksenopplæringWenche Murenwenche.muren@mrfylke.noTlf 71281214
Avdelingsleiar for fengselsundervisningJulianne Synes Vågsholmjulianne.synes.vagsholm@mrfylke.noTlf 71129815

 

KONTAKTLÆRAR: er eleven sin næraste kontaktperson i skolesituasjonen. Han/ho fylgjer opp den enkelte elev, informerer om viktige saker og koordinerer arbeidet i klassa og har kontakt med foreldre/føresette og kontaktar rådgjevar eller andre ved behov.

ELEVTENESTER

RÅDGJEVARTENESTE - Skolen har fem rådgjevarar som held til på kontor i avdeling for Elevteneste. Trefftidene vert vist ved oppslag. Rådgjevarane skal saman med kontaktlærarane vere til hjelp for elevane i spørsmål om fagval, studieval, yrkesval, samt sosiale vanskar som har samanheng med, eller gjer skolegangen vanskeleg. Rådgjevarane samarbeider med PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) og andre ved behov.

HYBELBUARKONTAKT - Marit Jørgenvåg koordinerer og har oppfølging av hybelbuarar - NB: ikkje utleige av hyblar

SKOLEHELSETENESTE - Helsesjukepleiar har kontortid kvar dag på skolen sjå under Elever>Elevtenester>Helsesøsterteneste eller i Itslearning om trefftider. Helsepersonell har teieplikt, slik at du som elev trygt kan vende deg til henne med ulike problem. Helsesjukepleiar har også nokre trefftider på Helsestasjon for ungdom.

OT – oppfølgingstenesta for Ålesund er lokalisert på Borgund vgs. OT skal gi råd til elevar som tenkjer på å slutte på skolen eller i lære, som ikkje har begynt i vidaregåande opplæring eller har slutta. OT har to tilsette. Eva Kristin Vestnes og Frank Inge Riise. Kontoret ligg i avdeling for Elevtenester.

BIBLIOTEK - Biblioteket ligg sentralt ved sida av kantina. Ellen Elise Lillestøl er bibliotekar. Ho er til stades kvar dag heile veka. På biblioteket kan du låne bøker, filmar, skrive på data og arbeide med oppgåver av ulike slag. Bibliotektenestene kan i tillegg til personleg oppmøte, nyttast gjennom fronter, heimesida vår og ved e-post til bibliotekaren. Biblioteket har ansvar for utlån av lærebøker.

DRIFT

TEKNISK DRIFT - Skolen har tre vaktmeistrar. Åge Humlen er driftsleiar. Vaktmeistrane står for dagleg drift, vedlikehald og stell av bygga og uteområda. Dei har tilsyn med ordensmannsordninga, som går på skift mellom klassene.

REINHALD - Reinhaldarane, saman med vaktmeistrane, legg vinn på at skolen vår skal vere rein og triveleg. Elevane har også ansvar for at skolen og skoleområdet ikkje vert forsøpla. Janne Karin Engeseth er leiande reinhaldar.

KANTINE - Opningstidene vert vist ved oppslag. Janne Karin Engeseth er fagansvarleg for kantina. Skolen har vassautomatar med kaldt vatn plassert rundt på skolen. Kantina sel flaskar som passar i automatane, elevane kan også ha med eigne flasker for påfylling.

IKT - Skolen har fire medarbeidarar som arbeider med IKT. Lidvard Lundanes er fagleg leiar. Du finn dei sentralt ved kantina.

MERKANTIL/KONTORTENESTE – Dersom du ikkje veit kven du skal spørje, vender du deg alltid til kontoret/resepsjonen. Både skyss og lånekasse, er oppgåver som ligg til merkantil avdeling.

SKOLEVAKT - Borgund vgs har eiga skolevakt. Skolevakta har bl.a til oppgåve å sjå til at dei som er på skolen, er elevar, tilsette eller besøkande. Alle bruker difor synleg legitimasjon.