Film frå studietilbod ved Borgund vgs
Borgund vidaregåande skole er ein av dei største vidaregåande skolane i Møre og Romsdal og held til i Spjelkavik i Ålesund kommune. Skolen ligg langs Brusdalsvegen, omtrent 1,5 km aust for Moa.
Skolen har ca 1000 elevar og 210 tilsette. Vi har sju ulike yrkesretta utdanningsprogram, påbyggingsklassar og eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. I tillegg har skolen eit kompetansesenter (BORK) som gir tilbod til vaksne elevar og kurs til næringslivet og vi har ansvar for undervisninga ved Ålesund fengsel. Frå skuleåret 2021-22 er også UPA-skolen ein del av Borgund vidaregåande skole.
Vi har i dag eit flott og spennande skolebygg med ulike salongar, laboratorium, bygg- og verkstadhallar, restaurant og storkjøkken, bibliotek, kantine, auditorium, idrettshall og ulike spesialrom. Dessverre må elektrofag framleis halde til i brakker og leigde lokale, det er enno uvisst kva tid byggetrinn 5 vert sett i gang.
Borgund vidaregåande skole er ei samanslåing av fire tidlegare vidaregåande skolar, og er lokalisert på tomta til det som ein gong var ”Borgund Yrkesskule” i Fremmerholen. I 2001 vart Borgund vgs slått saman med Sula vgs, i 2004 blei Nørve innlemma, og så seint som 2010 kom restaurant og matfag flyttande frå Ørskog vgs.
Borgund vgs er ein arena for vekst; fagleg, sosialt og personleg. Vi har som målsetting å utdanne ”stolte fagfolk for framtida”, med utgangspunkt i desse verdiane:
Kvart år reiser 60 - 80 av våre elevar ut i Europa for å få internasjonal arbeidstrening. Avhengig av programområde kan elevane søke om å få 2-3 vekers praksis i Nederland, Danmark, Tyskland, Frankrike, England eller Spania.
For at vi skal klare å ta godt vare på elevene har skulen eiga elevteneste. Her sit rådgjeverar som er knytt til kvar si avdeling, helsesjukepleiar, NAV og OT (oppfølgingstenesta).
Borgund vidaregåande skole er praksisskole for PPU-studentar frå Høgskulen i Volda.
Skolen er miljøfyrtårn og lærebedrift innan IKT og Merkantile fag.
Skolen har eige kvalitetssystem for undervisning og er sertifisert etter standarden DNVGL-ST-0029: 2014-04.