Søke skoleplass til skoleåret 2022 - 2023

No kan du søkje vidaregåande opplæring for skoleåret 2022 - 2023

Skriv ut

Du skal inn på vigo.no for å søke på skoleplass til neste skoleår. Fristen for å søke er 1. mars, men søkarar kan registrere og endre søknaden sin fram til denne datoen

Hugs å føre opp tre utdanningsprogram når du søker skoleplass.

For dei som har fortrinnsrett eller krav på individuell vurdering, er søknadsfristen 1. februar. Dette er også søknadsfrist for formidling til læreplass for lærekandidatar

Rett til plass

Søkarar frå ungdomsskolen har rett til å få plass ved eitt av tre utdanningsprogram. Opplæringslova seier at ein skal søke tre utdanningsprogram til Vg1.

- Det er svært viktig at søkarar følger opp dette. Dersom du berre fører opp eitt utdanningsprogram og ein skole, kan du risikere at du blir vidaresøkt til eit skoletilbod som du kanskje ikkje ønsker å ta i mot, seier Kariann Dimmen Flovikholm, kompetansesjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

https://mrfylke.no/om-oss/dokumentbase/elev-paa-vidaregaaande-skole/tilbodshefte-vgs-2022-2023

Presentasjon av dei ulike utdanningsprogramma er også tilgjengeleg på vilbli.no.

Her kan du sjå meir om studietilboda på Borgund vgs http://borgund.mrfylke.tibe.no/om-skolen/meir-om-studietilboda